Regionalt pilegrimssenter Selje
Kontaktinfo.:
e-post:
Telefon:
Regionalt pilegrimssenter Selje er eit av fire regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia. Senteret skal bidra med råd og rettleiing for pilegrimar, næringsliv og interessentar knytt til desse fem nøkkelstadane:
Selje pilegrimsstove
Pilegimsstova er lokalisert i Innbyggjartorget i kommunehuset i Selje. Her er det også bibliotek og ei kloster- og Sunnivautstilling.
Pilegrimsstova skal vere ein levande møtestad for pilegrimar og andre reisande. Her kan du få stempla pilegrimspasset ditt, møte andre pilegrimar, få tilgang til internett, toalett og tilgang til kjøkken der du kan lage deg ein kopp kaffi/te og ein matbit.
Her kan du planlegge ferda vidare, dele historier og få nyttig tips frå det lokale vertskapet. Selje pilegrimsstove skal vere ein varm stad der alle kjenner seg velkomne.
I kloster- og Sunnivautstillinga er der også eit lite rom for bøn/kontemplasjon.
Du er hjarteleg velkomen!
Opningstider
Pilegrimsstova held open alle yrkedagar heile året frå 09.00 – 15.30.
I sommarmånadane utvida opningstider og også ope på laurdag og sundag. Opningstidene skal heile tida vere oppdatert på ttps://www.facebook.com/selje...

Annen kontaktinformasjon
Epost: selje.turistinfo@stad.kommune.no
Telefon: +47 40446011
Facebook: https://www.facebook.com/selje...
Adresse: Kommunehuset i Selje, 6740 Selje



