Kvernsteinparken i Hyllestad kommune
Kontaktinfo.:
e-post:
Telefon:
Nettstad:
Nøkkelstaden Kvernsteinsparken har ei spesiell historie å fortelje, og den er ein liten del av det store kulturlandskapet knytt til steinhogging i Hyllestad. Det vart ikkje berre hogd kvernstein, men også ljoresteinar, krossar og gravheller her. Godt over helvta av dei 40 bevara steinkrossane frå yngre jernalder og mellomalder på Vestlandet, kan sporast til Hyllestad. På Hyllestad gamle kyrkjegard kan du sjå tre små krossar, og eit fjerde heng i Hyllestad kyrkje. Dei har plass i kvart sitt hjørne av kyrkjegarden. I parken kan du sjå krossbrotet, der arkeologen Irene Baug, sommaren 2008 fann til saman fragment av sju steinkrossar. Den store krossen i Krossundet og to krossar i Eivindvik kjem også frå Hyllestad.
I Kvernsteinsparken kan du sjå ein steinkross som elevar ved Hyllestad skule har hogd som del av opplæringa i skuleprosjektet Steinhoggarleiren.
Hyllestad har òg ein storslått natur, med det fjellet Lihesten som særmerke. Den er ei rest av den kolossale fjellkjeda som vart danna da kontinenta Ur-Amerika og Ur-Europa kolliderte for 400 millionar år sidan. Mange slag mineral/steinar vart til under denne kollisjonen, og den såkalla granatglimmerskiferen med kyolitt som er ein av dei, er kjenneteiknet på steinpprodukta herifrå.
I Kvernsteinsparken kan du få stempel i Pilegrimspasset ditt.
Sentralt i Hyllestad finn du matbutikken Spar, i Sørbøvågen, Matkroken og i Leirvik, Coop Extra.
Parken er sesong-open og det kan bestillast omvising etter ønske utanfor sesong. Sjå heimeside for opningstider og informasjon.
Les meir på Fjordnorway.com for informasjon om reisa di vidare, sykkelutleige m.m.