Key Locations
Kvernsteinparken i Hyllestad kommune
Situated along Kystpilegrimsleia
Kvernsteinsparken i Hyllestad er Nord‐Europas og Noregs største steinbrot frå vikingtid og mellomalder.
Steinbrota er også eit av landets største kulturminner i utstrekning. I hundretal steinbrot jobba det steinhoggarar som laga eit industrilandskap prega av bratte brotveggar, djupe hol og store skrotmasser.
No ligg dei fleste brota i tett skog og under tjukke lag av mose. Dei er ikkje lette å sjå, anna enn brota i Kvernsteinsparken som er rydda. Det vart ikkje berre hogd kvernstein i Hyllestad. I nokre brot vart det hogd kross, og fleire av steinkrossa ein finn langs vestlandskysten er hogd i Hyllestad.
Diverre er ikkje nokre av krossbrota tilrettelagt for publikum per april 2020, men eit krossbrot som ligg nært Kvernsteinsparken er beskreve i informasjonsheftet som dei besøkjande i parken får utdelt. www.kvernsteinsparken.no