Nøkkelsteder
Selja kloster i Stad kommune
Ligger langs Kystpilegrimsleia
Selja kloster “The Holy Island of Selja”.
Med legenda om Sankta Sunniva fekk Noreg sin første helgenstad, året før kristninga på Dragseidet i 997 (også i Stad kommune).
I 1068 vart Selja sete for eitt av tre bispedømme i landet. Rundt år 1090 vart Selja kloster etablert som eitt av dei første i landet, og gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar hit. Øya Selja vart knutepunkt for internasjonal og nasjonal skipsfart.
I dag er Selja ei av desse unike, stille og heilage øyane som finns rundt om i verda. Faktisk er ho framleis eit lite katolsk bispedøme – kanskje verdas minste.
På øya Selja kan du velje om du vil ta båten heilt ut til klosterområdet eller stoppe på Bø og gå ein av dei tre stiane til klosteret. Sjå kartet.


