Nøkkelsteder

Kinn kyrkje i Kinn kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Photo: Knut Magne Nesse

Den vakre Kinnakyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i Noreg, bygd truleg først på 1100‐talet, og er eit kulturminne av internasjonalt format. 

Adresse

St. Sunniva-vegen 34, 6912 Kinn

Telefon

+47 458 71 940

Kontakt

Kinn kyrkjekontor

Legenda vil ha det til at Kinna‐kyrkja er bygd på den verharde vestsida av øya fordi det var her ei gruppe som tilhøyrde flokken som rømde frå Irland saman med St. Sunniva, slo seg til her (sjå Selje kloster og Sunniva‐legenden).

Ein av båtane som la ut frå Irland i Sunniva sitt fylgje, dreiv i land på Kinn. Her er det, på same vis som på Selja, ein steinhellar som heilagmennene skal ha søkt ly i. Hellaren heiter Byrjehellaren, og her finst merke etter ein bygning. I fjellet like ovanfor Kinna‐kyrkja ligg Bornihellaren. Borni skulle vere systera til Sunniva.

Legenda om Borni og slektskapet med Sunniva gjorde truleg Kinn til eit pilegrimsmål i mellomalderen. Kinn kyrkje er open på sommarstid.

www.kinn.kyrkja.no

Kinnakyrkja. Foto
Kinnakyrkja med Kinnaklova i bakgrunnen.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Interiør Kinn kyrkje
Innsida av Kinnakyrkja

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord