Nøkkelsteder

Gulatinget i Gulen kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Foto: Vidar Vie
“For tusen år sida ‐ før Stortinget, Domstolar og Lagmannsrettar ‐ hadde vi “Ting”. Tinga var politiske forsamlingar, lovgjevande, dømmande og utøvande makt. Tinga er opphavet til lovene våre.

Adresse

Eivindvikvegen 708, 5966 Eivindvik

Telefon

+47 975 24 098

Kontaktinfo.:

Dagleg leiar Anne Hopland

Gulatinget var eit av dei eldste og største tingsamlingane i Norden. Gulatingslova er den eldste bevarte lovsamlinga i dei Nordiske landa.”

På Flolid 4 km aust for Eivindvik finn du Tusenårsstaden som er ein vakker park lagt på den staden tinget etter kjeldene vart flytta til. Gulatinget var det største lagtinget i Noreg frå 900 til 1300 A.D.

Tinget var lovgjevande, utøvande og dømande makt, der lovområda femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres. Her kan du oppleve Bård Breiviks sine monumentale kunstinstallasjonar, der den største er den majestetiske tingveggen.

www.gulatinget.no

Fra Gulatingslova

”Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøye oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og fred og om det at vi kan halde landet vårt busett og landsherren vår heil. Han vere vår ven, og vi hans, og Gud ven til oss alle.”

(Landsherren = kongen)

”Det er no dinæst at me skal halda uppe alle dei kyrkjor og den kristendom som Olav den Heilage og Grimkjell biskop fastsette på Mostratinget” står det i Gulatingslovens kristenrett kapittel 10. ”No er det dinæst at biskopen vår skal råde over kyrkjone, så som Olav den Heilage lova Grimkjell biskop på Mostratinget og som me sidan vart samde om det. Biskopen vår skal setja prester til alle kyrkjor, og slike som han veit kan gjere gudstjenesta rett for folk”.

Tingveggen med 22 granittplater på høgkant. Foto
Tingveggen laga av Bård Breivik med sine 22 massive granittplater på høgkant.
Foto: David Zadig
Tusenårsstaden med Tingveggen. Foto
Tingveggen
Foto: Vidar Vie
Eivindvik kyrkje. Foto
Eivindvik Kyrkje med Steinkrossen i front.
Foto: Vidar Vie
Steinkross. Foto
Steinkrosset på Korsteigen, nokon hundre meter frå kyrkja.
Foto: Vidar Vie