Svanøy - Kinn
Reisebeskrivelse
Fra Svanøy til Kinn går ferda med båt via Florø. Sjå reiseplanlegger https://www.kringom.no/
I perioden 21. juni til 5. august 2021:
Måndag, tysdag , torsdag og fredag: Avgang Florø kl 12.00. Retur frå Kinn kl. 15.15
Onsdag: Avgang Florø kl. 08.30. Retur frå Kinn kl. 15.15.
Laurdag: Avgang Florø kl. 10.00. Retur frå Kinn: 15.05
Kvar dag går det lokalbåt mellom øyar og skjer frå Florø til Kinn. Ein tur rundt øya er ei forfriskande oppleving. Du kan gå opp i den majestetiske Kinnaklova og komme tett på dyrelivet. Kanskje ser du ørna som bur her ute? Etter at du stig i land på Kinn, føl du vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Kinnakyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt langs ein 1,2 km lang grusveg.
Kvar dag mellom 19. juni og ut august er det vertskap på Kinn. Du er velkomen inn i mellomalderkyrkja for å kjenne på stemninga i tida før, under og etter tidebønene kl. 13.30 og 19.00. Her er det og mogleg å kjøpe enkel kaffimat. OBS! Ta med kontanter!
Frå Kinnakyrkja kan du vandre mot det ruvande fjellet som er delt i to, Kinnaklova. Visst du tør kan du gå opp i Kinnaklova for å nyte utsikta. Nytt den same stien opp og ned frå Kinnaklova, og følg den merka stien gjennom skaret. Den merka stien tek deg tilbake til kaia der lokalbåten legg til. Turen rundt øya er 4 kilometer og tek omlag 2 timar
Om nøkkelstedet
Kinn er ei øy vest for Florø.
Kinn kirke fra 1150 ligg på nordvestsida av øya, og har vore knytt til legenda om Sta Sunniva på Selja.
Ein av båtane i Sunniva sitt følge med prinsesse Borni om bord, dreiv i land på Kinn. Kyrkja har eit spesielt lektorium.
Kinnaspelet er eit historisk spel som blir framført i juni kvart år. Sjå meir om nøkkelstaden: www.fjordkysten.no/ting-a-gjere/oya-kinn-p808953.
Spelet er avlyst i 2021 pga koronarestriksjonar.
Overnatting
Kinn:
DNT-hytte Kinn: Kontakt Signe Nordvik, tlf. 41530520
Kinn Gjestehus, https://pilegrimsleden.no/inte...
Florø:
Kinn hotel, Havrenesvegen 32 B, 6900 Florø
Quality hotel Florø, Hamnegata 7, 6900 Florø, tlf 57 75 75 75
Comfort Hotel Victoria Florø, Markegata 43, 6900 Florø, tlf 57 75 25 55
Mat
Florø: Fleire butikkar i Florø
Rognaldsvåg: https://narbutikken.no/Finn-butikk/Narbutikken-Rognaldsvag
Dette kan du oppleve på denne turen
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.