Sollibotn – Eivindvik – Gulatinget

Vandring 7 KM
3 timer
Pilgrimsvandring i eit historisk landskap.
Enkel tur
Ligger langs Kystpilegrimsleia

Turbeskrivelse

Turen startar på kaien i Sollibotn der ekspressbåten har anløp

Du følgjer då den vakre Prestegardsstien mellom nabbar og lyng i det historiske kulturlandskapet innover mot Eivindvik.

I Evindvik finn ein spanande kulturhistorie som starta i vikingtida og som har prega landskapet heilt fram til våre dagar. Mellom dei vakre fjella og fjorden kan du vitje den autentiske tingstaden, der det anglikanske korset frå 900 talet markerar plassen der Gulatinget først var samla. Her går ein i fotspora til vikingar, bønder og kongar på veg til tings.

Ved inngangen til Gulen Kyrkje finn ein det keltiske korset, begge korsa er slåande minne om kristninga av Gulatingslag. Det anglikanske korset vert knytta til Håkon den gode, og det keltiske korset til Olav Tryggvason.

Ved kyrkjeporten finn du og ein svart postkasse med pilgrimsstempelet. Kyrkja er open om sommaren.

Sentralt i bygda nedanfor kyrkja finn ein den gamle prestegarden/Herresalen som folkeopplysar og velferdsbyggjar prost Niels Griis Alstrup Dahl (1778 -1852 ) bygde til bustad for seg og kona Hylleborg. Henrik Wergeland som vitja bustaden i 1832 kalla Prost Dahl for «Eivindvigens anden skaper» i det episke diktet "Eivindvig". Like bortanfor finn ein minnestøtta av Prost Dahl some er utforma av kunstnar Elisabeth Steen på natrurstein som er funnen i distriktet.

I sommarhalvåret kan ein få ei omvining og guiding før ein går vidare mot Flolid og nøkkelstaden GulatingetKystpilegrimsleia.

På Flolid 4 km aust for Eivindvik finn du Tusenårsstaden som er ein vakker park lagt på den staden tinget etter kjeldene vart flytta til. Gulatinget var det største lagtinget i Norge frå 900 til 1300 A.D. Tinget var lovgjevande, utøvande og dømmande makt, der lovområda femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres.

Her kan du oppleve Bård Breiviks sine monumentale kunstinstallasjoner, der den største av dei er den majestetiske tingveggen.

Her og kan ein få guiding og omvisning i sommarhalvåret.

Både i Eivindvik og på Flolid kan ein følge kulturvandringar – der ein brukar mobilen som guide.

Prestagardstien
Herresalen.
Gulen kyrkje.
Tingveggen.
Denne nettsiden benytter seg av informasjonskapsler, også kalt «cookies». Cookies er digitale fotspor som gjør Pilegrimsledens nettside best mulig for deg. Les mer om personvernet her.
Les mer om personvernet her.