Bergen - Selje
På denne turen vil du få ein smak av kysten frå Bergen til Stad. I mellomalderen var kysten den fremste ferdselsvegen og dei fleste langvegsfarande pilegrimar reiste sjøvegen og stogga ved Kinn og Selja. I tillegg til Selja sin status som heilagstad og bispesete, gjorde plasseringa rett ved det lumske Stadhavet øya til eit geografisk og sosialt knutepunkt.
Det vakre og ville kystlandskapet, skore tvers over av fjordar og med det mektige Atlanterhavet brusande inn rundt øyane byr på storslegen natur, naturkrefter som fyller hjarte og sjel, men også roleg hav til ettertanke og refleksjon.
Dag 1: (15 km) Bergen - Kinn
Dag 1. Du tek båten frå Bergen om morgonen kl 0800 og er i Florø kl. 1130. Du kjem til Florø, og her kan du vandre mellom dei gamle trehusa i kystbyen Florø og ta turen ut til heilagmålet/nøkkelstaden Kinn. Der besøkjer du Kinn kyrkje, og kan gå opp i Kinnaklova – eit gamalt seglingssmerke på kysten . Om du ønsker overnatting, anbefaler vi Kinn hotell på fastlandet i Florø, eller Kinn gjestehus på øya Kinn på. Turistforeninga tilbyr også enkel overnattingsstad på sitt overnattingsted «den gamle skulestova». Hugs å handle mat i Florø før du reiser ut til Kinn.
Ruteforslag:
Båt frå Bergen til Florø ca 3,5 t. Lenke til Norled. Sjå rutetider her.
Båt til Kinn: Det går lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Kinn kvar dag. Det går 5 båtar kvar dag mandag – fredag. Billett til lokalbåten frå Florø til Kinn kjøpast om bord. Sjå rutetider her.
Kontakt for overnatting på «den gamle skulestova». Er du medlem i DNT får du leige nøkkel til hytta på turistinformasjonen i Florø (hugs å be om kode til låsen).
Ruta frå båtstoppen på Kinn til kyrkja tek ca. 30 min. Sjå rutetider her.
Turen til Kinnaklova: Tek ca. 2 timar. Sjå rutetider her.
Om du tek båten tilbake til Florø kan du overnatte på Kinn hotell eller andre overnattingsstader i Florø: www.booking.com

Dag 2 (3 km) Nøkkelstaden Svanøy
Her tek du turen med rutebåten frå Florø ut til øya Svanøy som også er ein nøkkelstad på kystpilegrimsleia. Her kjem du i land i Svanøybukt som ligger på nordsida. Derifrå kan du leige syklar, og sykle til Hjortesenteret som ligg på sørsida. Her står det ein steinkross med runeinnskrifter datert til byrjinga av 1000-talet. Kyrkja som stod her var ei fjordungkyrkje. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bispegods.
Du kan overnatte på Svanøy hovdgård, eller returnere til Florø og ta båten til Selje som går kl 19:55 og du er i Selje kl 21.40.
Båten til Svanøy: https://www.kringom.no/ Båtrute 14-631.
Kontakter: Svanøy hovudgård: www.fjordkysten.no/turistinfo. Tlf. 57752180
Kontakter Florø: https://bit.ly/3jXQxrF
Dag 3 (3 km) Selja
I Selje kan du ta turen innom pilegrimssenteret som no etablere seg i den ærverdige Selje prestegard midt i Selje sentrum Du kan også sjå ei Sunniva- og klosterutstilling i innbyggjartorget som ligg i 1. etg i kommunehuset. Her kan du også få meir informasjon om kva du kan gjere av turar i området.
Du tek båten ut til øya Selja – heilagmålet/nøkkelstad på kystpilegrimsleia, The Holy Island in North», som går frå sentrum i Selje kl. 11.00 og 13.15 heile sommaren. Sjå https://www.seljamonastery.no
På Selja kan du gå i land på Bø og gå til klosterområdet, c. 20 min i lett terreng. Alternativ ta båten heilt ut til klosteret. Der er også ei merka rute over øya som tek ca. 50 min frå Bø.
Om du kjem til Selje med båten som går frå Florø kl 11.30, så er du i Selje 13:05 og rekk turen til øya Selja som går kl 13.15. Om du vil returnere Bergen same dag, når du båten som går frå Selje kl. 15.20.
Om du ønskjer å oppleve meir av Selja og Stad, så er her fleire overnattingsstader som du finn meir info om på www.exploreselje.com.
Informasjon om øya Selja: www.seljakloster.com
�
Dette kan du oppleve på denne turen
-
Nøkkelsteder
Kinn kyrkje i Kinn kommune
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsteder
Svanøy hovedgård i Kinn kommune
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsteder
Selja kloster i Stad kommune
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsteder
Regionalt pilegrimssenter Bergen
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsteder
Regionalt pilegrimssenter Selje
Kystpilegrimsleia
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.