Pilegrimssenter

Regionalt pilegrimssenter Selje

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Foto: Helle Frogner

Regionalt pilegrimssenter Selje er lokalisert i Selje i Stad kommune med den heilage øya Selja ein kort båttur unna. Øya Selja vart det første pilegrimsmålet i landet då Olav Tryggvason i år 996 fann relikviar i ei hole på øya. Relikviane som etter legenda er frå den gudfryktige kongsdottera Sunniva, som flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding. Sankta Sunniva vart landets første helgen, og vår einaste kvinnelege helgen, etter at ho leid martyrdøden i hola på øya.

Kontaktinfo

Daglig leder Tonje Ramse Trædal

Telefon

+47 92629512

Adresse

Selje prestegard, Nabben 5, 6740 Selje

Regionalt pilegrimssenter Selje er eit av fire regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia. Senteret skal bidra med råd og rettleiing for pilegrimar, næringsliv og interessentar knytt til desse fem nøkkelstadane:

Regionalt Pilegrimssenter Selje

Foto: Helle Frogner

Selje pilegrimssenter

Det regionale pilegrimssenteret i Selje ligg i den freda prestegarden i Selje i Stad kommune. Selje prestegard vart etablert på denne staden på slutten av 1500-talet. Hovudbygningen som i dag er pilegrimssenter mm., vart oppført i tida 1782-84. I tillegg er det fem andre bygningar på eigedomen oppført i perioden 1784-1884. Desse vil bli tekne i bruk etter kvart.

Les meir om Selje prestegard og pilegrimssenteret.

No er prestegarden igjen blitt ein møtestad for pilegrimar, besøkande og bygdefolk. Her er pilegrimsmottak, lesekrok, utstillingar og informasjon. Med tida skal det også bli overnatting for pilegrimar her. I sommarmånadane er her fast vertsskap i prestegarden. På innbyggjartorget i kommunehuset i Selje, kan du også heile året få stempla pilegrimspasset ditt, få informasjon og elles sjå Sunniva-og klosterutstillinga som er der.

Opningstider

Pilegrimssenteret i Selje prestegard held opent dagleg i sommarsesong.

Innbyggjartorget i kommunehuset har opent heile året frå kl. 09.00 – 15.30 (utvida opningstid i sommarmånadane).

To pilegrimar som les brosjyrer inne i prestegarden. Foto

Foto: Helle Frogner

Inngangsdøra med blomster. Foto
Foto: Karoline Grøttå