Nøkkelsteder

Obrestad fyr

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Obrestad fyr

Kontaktinfo.:

Elisabeth Søyland

e-post:

leie.obrestadfyr@ha.kommune.no

Telefon:

51791660

Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevare kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar.Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står slik det var i 1991.

Overnatting - ei unik oppleving i all slags ver

Husa der fyrvaktarane og familiane deira budde er i dag brukt til utleige heile året. Tre bueiningar kan leigast til overnatting og ein bustad kan leigast til seminar og selskap. Alle husa har unik utsikt mot havet og mot Høg-Jæren og vindmøllene. Fyret og bustadane har originale fasadar slik dei var i 1991 då dei blei flytta frå. Inne er dei modernisert. Boligane er smakfullt og moderne innreia. Sjå overnatting for oversikt over bueiningane med prisar.

Fyrmuseet og bustadane er drifta av Hå gamle prestegard.
Obrestad fyr er ein del av Hå kommune sin kulturminnevernplan

Unike bygg - med hvert sitt unike særpreg

RUNDEHUSET er ein einebustad med to stover, stort kjøkken og gang i 1. etasje. 3 soverom (6 sengeplassar) og toalett på loftet. Stort bad i kjellaren. Kjøkkenutstyr til 6-8 personar, komfyr, kjøleskap, oppvaskmaskin.

FYRMESTERBOLIG er ein leilegheit med stor stove med spisekrok, kjøkken, 3 soverom, bad og toalett. Kjøkkenutstyr til 6 personar, komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin.

HYBELEN har stove med kjøkkenkrok – komfyr og kjøleskap. 1 soverom med 1 seng (120cm brei).
Enkelt bad og toalett.

1902-HUSET er eit eige hus som ein kan leige til arrangement, møter og seminar. Stort møterom med plass til 24 personar til bords. Lokalet har lerret og projektor med standard uttak. Ta med eigen overgang. Kjøkken med fullt utstyr for 24 personar. Huset er ope for publikum på sundagar når fyrmuseet er ope.

Priser og betalingsforbindelser

Fredag-søndag kun helgeutleige.
22.06 – 17.08, kun vekeutleige. Ankomst mandag, avreise søndag.
Prisane for leige av alle boligane er inkludert sluttreingjering.


Prisar frå 01.04. – 30.09 og for påskeveka:

Hybel (1 - 2 personar)
Kr. 800 pr. døgn i midtuke
Kr 1800 helg fred-sønd.
Kr. 3000 pr. veke

Rundehuset (6 personar)
Kr. 1 800 pr. døgn i midtuke
Kr. 4.000 helg - fred-sønd
Kr. 7.000 pr. veke.

Fyrmeisterbolig (6 personar)
Kr. 1 600 pr. døgn i midtuke
Kr. 3.500 helg – fred-sønd
Kr. 6.000 pr. veke


Prisar frå 01.10. – 31.03.

Rundehuset og fyrmeisterboligen
Kr. 4.500 pr. veke
Kr. 1.500 pr. døgn
Kr 3 200,- helg fred-sønd

Hybel
Kr. 2.500 pr. veke
Kr. 600 pr. døgn
Kr 1.200 helg fred-sønd

Leige av 1902-huset til arrangement, selskap, møter og seminar
Heile året

Sluttreingjering er ikkje inkludert i leige av 1902-huset. Dersom huset ikkje er reingjort etter bruk må ein rekna
kr 1000 ekstra for reingjering.

Kr. 2 500 pr. dag
Kr 3 000 pr. dag for bedrifter
Kr 1 000 pr. dag for innbyggjarar i Hå kommune og for overnattingsgjester i boligane på fyret.

Bestilling: Leie.Obrestadfyr@ha.kommune.no

Avbestilling mindre enn 2 veker før leigeperioden kr. 400.
1 dag før og ankomstdagen 1 døgn leige.