Accommodation

Smøla med Edøy gamle kirke og Kulisteinen

Situated along Kystpilegrimsleia
Det er gode muligheiter for turar i lokalområdet. Ei fin vandrerute for besøkande kan vere å gå frå Gurisenteret, via Edøy gamle kyrkje og over brua til Kuløy og Kulisteinen. Ei anna rute kan vere å gå frå Gurisenteret via stjernerøysa, kyrkja og opp på det høgaste punktet vest for Edøygarden der det ligg eit kystfort frå andre verdskrig. Dette vil gi besøkande anledning til å sjå kulturminne frå ulike tider – og innblikk i livet ved kysten frå forhistoriske tid og heilt opp til i dag.

Gurisenteret

På Edøy ligg kultursenteret Gurisenteret. Her finner er du Regionalt pilegrimssenter for Kystpilegrimsleia. Her er det utstillingar av ulike slag, og ei av Noregs flottaste utescener er plassert her med plass til 1000 personar. Utescena er forma som eit gresk amfi og er m.a. arena for den årlege oppsettinga av spelet «Fru Guri av Edøy». På Gurisenteret er det også turistinformasjon, kafé og venterom for trafikantar. Gurisenteret bidreg til å knyte historia til øya og attraksjonane her saman. Hovudfokuset i sentret er trusskifte og mellomalder.

https://www.gurisentret.no/


Edøy gamle kyrkje

I Edøyfjorden eit stykke innafor Kuløy ligg øya Edøy. Her står Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå rundt 1190 som også kan utgjere ein naturleg stopp langs Kystpilegrimsleia i dette området. Truleg vart kyrkja bygd som eit privat kapell for kongen sin ombodsmann på Edøy. Kyrkja har eit rektangulært skip og eit kor som er plassert skeivt i forhold til skipet. Kyrkja vart påbygd i 1690. Ho er kvitkalka innvendig og interiøret er av nyare dato

Det er også andre kulturminne på Edøy, m.a. eit fornminneområde med gravhaugar. Her ligg det også ei trearma stjernerøys. Dette tyder på at Edøy har vore ein stad av betyding tilbake til forhistorisk tid.

På Edøy kjem ein med både ferje og hurtigbåt. Det er også marina og ankringsområde for privatbåtar.

Kulisteinen

Kulisteinen på øya Kuløy i Smøla kommune har ei runeinnskrift som henspeglar på innføringa av kristendommen: Tore og Hallvard reiste denne steinen etter (Ulvjlot)…. Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg…. Truleg har slektningar reist steinen med tekst på til minne om ein avdød, og denne type innskrift er vanleg på runesteinane frå mellomalderen. Det spesielle her er at steinen kan daterast – og samtidig gi indikasjon på når kristendommen vart offisielt innført i Noreg. Som nemnt viser arkeologiske undersøkingar at det har gått ei trebru over eit myrlendt område fram til staden der Kulisteinen opphavleg stod. Det var ein vanleg skikk i Norden å bygge ei bru i tilknyting til slike bautasteinar, og det er difor sannsynleg at brua vart laga samtidig med at

steinen vart reist. Brua kan slik datere steinen til 1034. Skrift og språkforma på steinen tyder også på ei datering til byrjinga av 1000-talet (Rindal og Steinsland 2001:134-135). Mykje tyder difor på at Kulisteinen viser til Mostertinget som fann stad tidleg i 1020-åra, og steinen blir gjerne rekna som Noregs dåpsattest. Den originale kulisteinen med runeinnskrift står i dag i Vitenskapsmuseet i Trondheim, men ein kopi er sett opp på Kuløy på staden der Kulisteinen opphavleg stod.

Kulisteinen