Key Locations

Kinn kirke i Kinn kommune

Situated along Kystpilegrimsleia
Foto: Knut Magne Nesse
Den vakre Kinnakyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i Noreg, bygd truleg først på 1100‐talet, og er eit kulturminne av internasjonalt format. 

Legenda vil ha det til at Kinna‐kyrkja er bygd på den verharde vestsida av øya fordi det var her ei gruppe som tilhøyrde flokken som rømde frå Irland saman med St. Sunniva, slo seg til her (sjå Selje kloster og Sunniva‐legenden).

Ein av båtane som la ut frå Irland i Sunniva sitt fylgje, dreiv i land på Kinn. Her er det, på same vis som på Selja, ein steinhellar som heilagmennene skal ha søkt ly i. Hellaren heiter Byrjehellaren, og her finst merke etter ein bygning. I fjellet like ovanfor Kinna‐kyrkja ligg Bornihellaren. Borni skulle vere systera til Sunniva.

Legenda om Borni og slektskapet med Sunniva gjorde truleg Kinn til eit pilegrimsmål i mellomalderen. Kinn kyrkje er open på sommarstid.

www.kinn.kyrkja.no