Key Locations

Herøy med Herøy gamle kyrkjestad og Herøy museum

Situated along Kystpilegrimsleia
Øya Herøy ligg i Flåværleia – midt i den gamle skipsleia. Dette var den første viktige hamna nord for Stad, og her var det tingstad og kyrkjestad i mellomalderen.

Det har stått to kyrkjer på øya. I mellomalderen – truleg på 1100-talet – vart det bygd ei steinkyrkje i romansk stil på det austlege neset på øya. Kyrkja stod på det høgaste platået, og var godt synleg frå skipsleia. Ho vart etter kvart for lita, og i 1859 vart ho reven. I dag ligg berre ruinane igjen.

Same året som mellomalderkyrkja vart reven, vart det bygd ei ny og større kyrkje i lafta tømmer. Stein frå den første kyrkja vart gjenbrukt i grunnmuren på nye kyrkja og til ein ny steingard rundt gravplassen. Den nye kyrkja stod fram til 1916. Då vart også ho reven og flytta til Fosnavåg.

I nærleiken av kyrkjestaden ligg Klosterhaugen. Her er det gjort arkeologisk registrering. Det har neppe lege eit kloster her, men det kan sjå ut til at det har stått ein mindre bygning her.

På 1700-1800-talet voks det fram ein handelsstad på Herøy, og både rutebåtar og postgang var innom øya. Mellom anna var sildefisket viktig for handelstaden her. Handelen blomstra i 150 år, fram til trekyrkja vart riven i 1916 (Thorseth 1993:7).

I 1976 opna ei bru over til Herøy. Dette gjer at ein i dag kan ta seg til øya både med båt og bil. Besøkande kan enno sjå ruinane av dei to kyrkjene som ein gong låg på øya.

På Herøy ligg også Herøy kystmuseum, som er ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Det er den gamle handelsstaden frå 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar som utgjer Herøy Kystmuseum. Museet er ein viktig formidlar av øya si historie. Samtidig er det også ein viktig bidragsytar innan handlingsboren kunnskap med vekt på dokumentasjon, registrering, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar og grindbygg. Her er det dessutan mulig for besøkande å leige både lokale og båtar

http://www.heroykystmuseum.no

Herøyspelet er eit årleg historisk spel som finn stad i juni. Herøy Amfi er bygd spesielt til dette spelet. Her er det sitteplassar til om lag 1000 personar. I amfiet finn ein også hus som er bygde i «vikingstil». Desse rammer inn amfiet på ein måte som gjer at publikum får ei kjensle av å sitte midt i vikinglandsbyen. Det er også tilrettelagt for at rullestolbrukarar og andre med rørslehemming skal kunne ta seg fram til amfiet.

http://www.heroyspelet.no