Key Locations

Halsnøy kloster i Kvinnherad kommune

Situated along Kystpilegrimsleia
Foto: Øyvind Gjerde
Halsnøy kloster ble bygget på 1100-tallet og ligger på Halsnøya i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Halsnøy kloster var et av fem augustineranlegg i middelalderen.

Halsnøy kloster Halsnøy kloster ligg midt i det frodige fjordlandskapet i Sunnhordland, på eitt av dei låge eida, eller ‘halsane’ som har gjeve øya namn. Slake bøar skrånar ned mot sjøen på begge sider; i sør mot Klosterfjorden, i nord mot den lune Klostervågen. Halsnøy kloster vart truleg grunnlagt i 1163-64 av Erling Skakke, etter kroninga av sonen Magnus: «Udi samme kronelse lovede Erling Skakke, kongens fader, at bygge sin søn til bønerhold Halsnø kloster, sancto Augustino til lov og ære» (Bergens

Fundats 1580). Om Erling gav grunn til klosteret frå eige gods eller frå kongens, veit vi ikkje, men det må ha lege ein stor og god gard her før klosteret vart grunnlagt. Dei som heldt til i dette augustinarklosteret var ikkje munkar i eigentleg forstand, men prestar som vart kalla regulære kannikar eller korbrør. Truleg var det ikkje fleire enn 13 korbrør i klosteret. I tillegg kom teneste-folk og andre som hadde ansvar for klosterdrifta. Halsnøy vart eitt av våre største og viktigaste kloster i mellomalderen. Det hadde store jordeigedomar på Vestlandet, dei fleste i Sunnhordland og nordre del av Ryfylke. Kring 1300 vart klosteranlegget ombygt og utvida, og slik stod anlegget heilt fram til reformasjonen. Då byrja forfallet; klosteret hadde vorte ein adeleg setegard med vekslande eigarar. I 1642 fekk Erik Ottesen i Orning på Stord løyve frå kongen til å ta 400 stein frå kyrkjeruinane for å utbetra dei andre bygningane.