Slik reiser du kollektivt til nøkkelstadane i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er det enkelt å reise med offentleg transport til og frå dei fleste nøkkelstadane. Unntaket er Veøya i Molde, som du finn meir informasjon om nedanfor.

Foto: Audhild Mork

Reiseplanleggar

Du kan bruke reiseplanleggaren på frammr.no eller i mobilappen FRAM til å finne avgangstider for dei ulike strekningane. I mobilappen FRAM kan du og kjøpe billett.

Reise til Herøy

Til Herøy kan du kome med buss frå Volda, buss frå Larsnes eller med hurtigbåt og buss frå Ålesund.

Frå Volda

  • Buss 338 frå Volda til Garneskrysset, buss 330 frå Garneskrysset til Notøy (næraste busstopp til nøkkelstaden) eller til Fosnavåg terminal for opphald i Fosnavåg. Finn avganger mellom Volda og Notøy. Vil du reise til Fosnavåg terminal skriv du berre inn Fosnavåg terminal i «Til»-feltet i reiseplanleggaren.

Frå Larsnes

  • Buss 310 frå Larsnes ferjekai, buss 330 frå Garneskrysset til Notøy eller til Fosnavåg terminal for opphald i Fosnavåg.

Finn avgangar mellom Larsnes ferjekai og Notøy.

Frå Ålesund

  • Hurtigbåt frå Ålesund hurtigbåtkai (Skateflukaia) til Hareid
  • Buss 330 frå Hareid bussterminal til Notøy,ev. vidare til Fosnavåg terminal for opphald i Fosnavåg).

Finn avgangar mellom Ålesund hurtigbåtkai og Notøy.

Frå Herøy til Ålesund

  • Buss 330 frå Notøy til Fosnavåg terminal
  • Buss 330 frå Fosnavåg terminal til Hareid bussterminal
  • Hurtigbåt frå Hareid hurtigbåtkai til Ålesund hurtigbåtkai

Hareid hurtigbåtkai ligg i tilknyting til bussterminalen.

Finn avgangstider mellom Notøy og Ålesund hurtigbåtkai.

Frå Ålesund sentrum til Giske

  • Buss 671 frå Ålesund rutebilstasjon til Ytterland
  • Buss 675 frå Ytterland til Giske kyrke

Merk! Linje 675 har enkelte gjennomgåande avgangar frå Ålesund rutebilstasjon til Giske kyrkje.

Bruk reiseplanleggaren på frammr.no for å finne avgangstider. Vel «Frå Ålesund sentrum (Ålesund)» og «Til Giske kyrkje (Giske)» for å få opp avgangstidene.

Finne avgangstider mellom Ålesund sentrum og Giske kyrkje.

Frå Giske til Ålesund sentrum og vidare til Borglund

  • Buss 676 frå Giske kyrke til Ytterland
  • Buss 672 frå Ytterland til Rådhuset i Ålesund
  • Buss 601 frå Ålesund rutebilstasjon til Sunnmøre museum

Frå haldeplassen «Rådhuset i Ålesund» brukar du undergangen under vegen for å kome til rutebilstasjonen.
Du kan og velje å gå frå Ålesund sentrum til Borgund.
Bruk reiseplanleggaren på frammr.no for å finne avgangstider. Vel «Frå Giske kyrkje (Giske)» og «Til Sunnmøre museum (Ålesund) for å få opp avgangstidene.

Finn avgangstider mellom Giske kyrkje og Sunnmøre museum

Frå Borgund til Molde

Buss 100 frå Sunnmøre museum til Molde.

Bruk reiseplanleggaren på frammr.no for å finne avgangstider. Vel «Frå sunnmøre museum (Ålesund) og «Til Molde sentrum (Molde) for å få opp avgangstidene.

Finn avgangstider mellom Sunnmøre museum og Molde.

Du kan og ta linje 100 frå rutebilstasjonen i Ålesund eller andre haldeplassar i området, til dømes trafikkterminalen på Moa. Bruk reiseplanleggaren på frammr.no for å finne avgangstider frå dei ulike haldeplassane.


Frå Molde til Veøya

Veøya vil bli tilgjengeleg med ein eigen båt frå Molde kvar torsdag og søndag i skoleferien sommaren 2021. Du finn meir informasjon her.


Frå Molde til Kvernes

  • Buss 510 frå Molde trafikkterminal til Kårvåg Atlanterhavsvegen
  • Buss 501 frå Kårvåg Atlanterhavsvegen til Bruhagen sentrum
  • Buss 503 frå Bruhagen sentrum til Kvernes kirke

Bruk reiseplanleggaren på frammr.no for å finne avgangstider. Vel «Frå Molde trafikkterminal (Molde)» og «Til Kvernes kirke (Averøy) for å få opp avgangstidene. Det er god korrespondanse mellom bussane.

Merk! I reiseplanleggaren kan du få opp alternativ med linje 100 via Kristiansund. Denne ruta er mykje lengre og vi anbefaler varianten med 510, 501 og 503, som går via vakre Atlanterhavsvegen.

Finn avgangstider mellom Molde og Kvernes kyrkje.

Frå Kvernes til Kristiansund

  • Buss 503 frå Kvernes kyrkje til Bruhagen sentrum
  • Buss 501 frå Bruhagen sentrum til Kristiansund trafikkterminal

Finn avgangstider mellom Kvernes kirke og Kristansund trafikterminal.

Frå Kristiansund til Edøy

Den enklaste vegen frå Kristiansund til Edøy er med hurtigbåt (Kystekspressen). Kristiansund hurtigbåtkai ligg i tilknytting til trafikkterminalen.

Finn avgangstider mellom Kristiansund hurtigbåtkai og Edøy hurtigbåtkai.

Det er og mogleg å reise frå Kristiansund med buss og ferje til Edøy.

  • Buss 821 frå Kristiansund trafikkterminal til Sandvika ferjekai (Aure)
  • Ferje frå Sandvika ferjekai til Edøy ferjekai

Finn avgangstider mellom Kristiansund trafikkterminal og Edøy ferjekai

Frå Edøy til Hitra

Frå Edøy tar du hurtigbåten «Kystekspressen» til Sandstad hurtigbåtkai på Hitra.

Bruk reiseplanleggaren på frammr.no for å finne avgangstider. Vel «Frå Edøy hurtigbåtkai (Smøla)» og «Til Sandstad hurtigbåtkai (Hitra)» for å få opp avgangstidene. Kristiansund hurtigbåtkai ligg i tilknytting til trafikkterminalen.

Finn avgangstider mellom Edøy hurtigbåtkai og Sandstad hurtigbåtkai.

Hitra hurtigbåtterminal – Dolm

Linje 420 fra Hitra hurtigbåtkai til eksempelvis Dolmsund Bru eller Melkvika. Kommer an hvor på Dolm. Linje 420 vil bli linje 422 til høsten.

Dolm til Dyrøy

Linje 420 fra eksempelvis Dolmsund Bru eller Melkvika. Linje 420 vil bli linje 422 til høsten.

Dyrøy til Sula

Rute 820/825 fra Dyrøy kai til Sula hurtigbåtkai eller Sula ferjekai.

Sula til Ørland

Rute 820/825 fra henholdsvis Sula hurtigbåtkai eller Sula ferjekai, linje 420 (linje 422 fra høsten) til Hitra hurtigbåtterminal, med i korrespondanse med rute 800 til Brekstad.

Ørland til Indre Fosen

Rute 805 fra Brekstad kai til Hasselvika hurtigbåtkai. Buss videre med linje 450 som går via Rissa kommunesenter, Stadsbygd og videre til Trondheim. Går også innom Reins Kloster (holdeplassen Rein) og Stadsbygd kirke som er nærmeste holdeplass til Kystens Arv.

Fra Indre Fosen til Nidaros

Linje 350 eller 450 fra eksempelvis Rissa eller Stadsbygd.