Kystpilegrimsleia - pilegrimsvegen til sjøs

Det gjekk fleire vegar mot Nidaros. Ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte ferdselsvegane til Olav den heilage sitt skrin var langs kysten – Kystpilegrimsleia. Dette var landets hovudfartsåre. Med eit godt beskytta farvatn innbyr kysten til sjøfart.

Pilegrimsreisene til Olav den heilage si grav begynte kort etter 1030, og Olavskulten si raske utbreiing i Nord-Europa førte til mange pilegrimar frå inn og utland til Nidaros. Valfartstaden Nidaros er omtalt i historiske kjelder allereie i 1075 – i Adam av Bremen sitt «Bremens Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum». Her er også dei ulike pilegrimsrutene til Nidaros nemnt, m.a. Kystpilegrimsleia:

«Viss ein seglar frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark, kjem ein i løpet av ein dag over til Viken, som er ein by i Noreg (truleg Oslo). Derfrå held ein til venstre og seglar langs Noregs kyst, og på den femte dagen når ein fram til byen Trondheim. Ein kan også reise ein anna veg, som fører frå danskane sitt Skåne over land til Trondheim. Men denne vegen over fjella tek lengre tid, og ettersom han er farefull, blir han unngåttav reisande.»

Adam av Bremen 212-213

Sjøvegen – Kystpilegrimsleia – utgjorde såleis, ifølgje Adam av Bremen, den viktigaste mest brukte ferdselsåra til Nidaros, sjølv om også sjøvegen kunne vere farefylt med skiftande vær og piratar.

Truleg har både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros. Mest sannsynleg vart pilegrimsreiser med utgangpunkt frå stader langs Vestlandskysten føreteke langs kystleia. Også dei tyske hansakjøpmennene reiste på pilegrimsferd til Nidaros. Hansaforbundet hadde Olav som sin skytshelgen. Sannsynlegvis gjekk reisa som starta i Lübeck langs sjøvegen via Bergen til Nidaros. Dei følgde kystleia. Det er likevel vanskeleg å vurdere omfanget av pilegrimstrafikken – og kor mange som reiste langs kysten i forhold til landevegen. Men i følgje Adam av Bremen føretrakk pilegrimar sjøvegen – i iallfall når dei kom frå Danmark eller Nord-Tyskland.



Handelsstedet Herøysund.

Båt framfor land

Det var raskare å ferdast i båt enn på land. Gode hamneforhold var viktig for ein trygg seilas. I mellomalderen nytta ein seg av naturlege hamner langs leia, og ved dei viktigaste hamnene vart det montert fortøyingsanordningar som skipa kunne fortøyast i. Dei fleste sjøfarande pilegrimar hadde ikkje eige skip. Ved ferdsel i båt og skip langs kysten måtte ein vanlegvis betale for seg, noko som nok førte til at ikkje alle hadde muligheit til å reise sjøvegen. Dei som reiste hadde som regel heller ikkje råd til å betale fullt ut for ferda. Det var difor vanleg å hyre seg som mannskap. Pilegrimar kunne ta hyre både på handels- og lasteskip.

Olav var sjølv ein erfaren sjøfarar – ikkje minst etter å ha reist i viking i mange år – og langs heile kysten finn vi fenomen som folk har forklart gjennom helgenkongens nærleik og handlingar. Til dømes skal Olav ha opna sunda ved Tysnesøy i Sunnhordland og Korssundet ved Eivindvik i Sogn. Og i følgje lokale tradisjonar på Helgelandskysten skal det berømte holet i Torghatten ha blitt til ved at kongen segla tvers gjennom fjellet. På fjellet Hornelen i Bremanger i Sogn skal Olav ha mant eit troll i stein – som den dag i dag står i fjellsida og kan sjåast frå seglingsleia. På Ege i Egersund finn vi ein av landets finaste esker – St. Olavsormen som vart freda allereie i 1972. Dette er ein lang og buktete åsrygg av grus og stein avsett av isen, og også denne blir knytt til helgenkongens handlingar. I følgje segna er dette Midgardsormen som prøvde å komme seg frå fjorden og opp til eit vatn innafor. Her vart han drepen av kong Olav – og han vart liggande som eit bevis på kongens siger.

På denne måten sette Olav sine spor både i kystlandskapet og i kystbefolkningens bevisstheit. Mange av desse segnene kan ha blitt spreidde av pilegrimane som valfarta langs leia, og pilegrimane har truleg spela ei viktig rolle som tradisjonsformidlarar.

Austråttborgen i Ørland kommune.

Selja, vårt første valfartsmål

Eit av dei viktigaste og kanskje mest kjente pilegrimsmåla langs kystleia var øya Selja ved Stad som ligg midt i seglingsleia mellom Trondheim og Bergen. Legenda om den irske prinsessa Sunniva som stranda på øya Selja etter å ha lagt ut på havet i båt utan årar og segl for å komme unna ein heidensk friar er godt kjent i Vestlandet si kultur- og kyrkjehistorie. Sunniva vart skrinlagt i 996, etter ordre frå Olav Tryggvasson, og ho fekk etter kvart helgenstatus. Selja og St. Sunniva sitt skrin vart slik vårt første valfartsmål. Ved fjellet på Selja finn vi i dag ein oppmurt steinterasse frå 1100-talet, som er truleg er restane etter den liturgiske samlingsstaden for pilegrimar som besøkte anlegget. Og i klosterruinane på øya er det funne fleire pilegrimsmerker frå ulike pilegrimsstader. Desse vitnar om pilegrimane som ein gong besøkte Selja. Selja var også ei naturleg hamn for den som måtte vente på passande vêr for å kunne passere Stad. Øya var dessutan eit av utreisepunkta og innkomststadene for ferder i vesterveg.

Midt i seglingsleia mellom Trondheim og Bergen.
Foto: Hans Morten Løvrød

Flere viktige pilegrimsmål

Ikkje berre Nidaros, men også andre domkyrkjer utgjorde viktige pilegrimsmål i mellomalderen. Dette kan vi t.d. sjå i sættargjerda frå 1277 som var eit forlik mellom erkebiskop Jon Raude og kong Magnus Håkonsson. Her står det at:

Likeledes innrømmet han på ny og bød alle pilegrimer som besøker den salige Olavs og andre helgeners og de nevnte norske katedralkirkes terskler for å tilbe, så vel innenlandske som utenlandske, skal nyte full sikkerhet, enten det er krig eller fred, både når de drar til og fra.

I følgje sættargjerda ser det såleis ut til at både norske og utanlandske pilegrimar besøkte domkyrkjene. Enkelte av desse kyrkjene – som domkyrkjene i Bergen og Stavanger – låg langs Kystpilegrimsleia. Domkyrkjene hadde ofte verdifulle relikviar. Biskopane kunne dessutan gis rett til å utstede avlatsbrev for dei som oppsøkte domkyrkjene ved dei store høgtidene.

Steinkrossane langs kysten

Dei mange steinkrossane langs Vestlandskysten er eit markert innslag i landskapet på Vestlandet, og dei kan vere minne etter ei tidleg misjonstid. Kanskje skulle steinkrossane også fungere som beskyttelse for reisande langs leia, og markere tilstadeverelsen av kristne menneske og ei kristen tru. Plasseringa av steinkrossane i Rogaland og Vestland tyder på at dei som reiste krossane var knytt til Vestkysten av Noreg. Desse to fylka, som i mellomalderen var delt inn i fire – Rygjafylke, Hordafylke, Firdafylke og Sygnafylke – representerer det opphavlege lovområdet til det gamle Gulatinget, som igjen utgjorde kjerneområdet til Håkon den gode. Etableringa av Gulatinget tidleg på 900-talet er blitt sett i samanheng med kongen sitt forsøk på å konsolidere makt og kristendom på Vestlandet. Den eksakte plasseringa av Gulatinget er ikkje kjent, men Eivindvik er ein av stadane som peikar seg ut. Her er det reist to steinkrossar – begge er laga ved kvernsteinsbrota i Hyllestad.

Steinkrossane kan også ha blitt nytta i samband med utandørs gudstenester i mellomalderen før den første kyrkja vart bygd på staden. Fleire av krossane står på det som seinare vart viktige kyrkjestader – og dei kan ha fungert som samlingspunkt under bønn og gudsteneste forut for bygginga av kyrkjene. Truleg har dei også vore viktige for pilegrimane som valfarta langs kysten. Eit dokument frå 1394 viser at ein kross vart reist i Eidsskog til minne om Oav den heilage. Pilegrimar skulle kunne holde gudsteneste ved krossen, og det vart også bygd eit lite bønnehus i nærleiken for pilegrimane. Kanskje har steinkrossane langs kysten hatt ein linande funksjon.

Pilegrimsvandring som botshandling

I dei tilfella der pilegrimsvandringa var ei botshandling var det ofte eit viktig poeng at reisa skulle vere fysisk krevjande. Dette gjorde at vandring til fots var det naturlege for mange. Pilegrimane som reiste langs kystleia har nok i stor grad også kombinert ferdsel til sjøs og til fots. Dette var heilt vanleg for folk som reiste langs kystleia. Og på særleg utsette strekningar, som Jæren, Stad-landet og Hustadvika, var det nok mange som føretrakk å vandre til fots.

Kystleia gjekk innaskjers der det var mulig, og vart kalt tjodaleia eller allmannleia. Betydinga av allmannleia kjem også til uttrykk gjennom plasseringa av dei kongelege kapella. I 1308 fekk kong Håkon Magnusson paven si godkjenning til å skille ut 14 kongelege kapell som ein eigen institusjon, som var unndregen biskopane sin styring og kontroll. Dei fleste av desse kapella vart lagt til byane i mellomalderen og langs kystleia der dei utgjorde naturlege stoppestader, som t.d. Vanse på Lista, Sørbø på Rennesøy i Ryfylke, Avaldsnes på Karmøy, Fana, Tyssøy i Sund og Herdla i Øygarden. Dei kongelege kapella fekk tildelt avlatsprivilegium av paven. Dette har sannsynlegvis ført til at dei vart attraktive for pilegrimar som valfarta pga. ei botshandling. Dei fleste pilegrimar som var ilagt botsvandringar har truleg gått til dei næraste måla med avlatsrett, og mest sannsynleg har difor dei kongelege kapella i stor grad vore lokale valfartsmål.

Husly for pilegrimar

Overnattingsmuligheitene for pilegrimar kunne vere svært primitive, anten dei overnatta om bord i skipet eller på land. Klostra som låg langs kysten hadde gjerne gjestehus. Dei som kunne betalte for seg, mens fattigfolk hadde rett til gratis opphald. Prestegardane vart også nytta til overnatting i mellomalderen. Ei rekke klageskriv tyder på at denne forpliktelsen vart sett som ei byrde for prestane, og at dei etterkvart tok seg betalt for å halde vertshus i prestegarden. På 1500-talet skal soknepresten på Avaldsnes ha fått kongen sin del av tiende frå soknet, som ei form for kompenasjon for å holde herberge. Av særleg betydning for pilegrimane var sælhusa (sálhus). Dei er nemnt i Gulatingslova som eit tilbod til reisande, og er ei ordning som i alle fal går tilbake til 1100-talet. Namnet indikerer at det fulgte velsignelse – sælebot – med å bygge dei. Dette kan tyde på at kyrkja støtta tiltaket, sjølv om det ikkje nødvendigvis var kyrkja som reiste dei. Det var ofte lagt jordeigedom til sælhusa som gav intekt til å sikre vedlikehaldet. Sælhusa var ubemanna overnattingsstader, kanskje berre eit enkelt trehus med sengebenkar og eldstad på golvet. Langs leia er det i dag ei rekke stadnamn som vitnar om denne aktiviteten – t.d. Salhus utanfor Bergen og Salhus på Karmøy. Frå slutten av 1200-talet kom det også ein ny type vertshus – tafernishus. Etter kongeleg beslutning skulle desse ligg med ein halv eller ein heil dagsreises avstand langs dei viktigaste ferdselsårene. Dei stod under kongeleg beskyttelse, og var merka med kongens våpenskjold. Dei var også fritekne frå ein del samfunnsforpliktelsar mot å holde denne type vertshus (Olsen 2013:52-53).

Reins Kloster øst for Trondheimsfjorden.

Reformasjonen- valfartens slutt

Valfarten til Nidaros tok slutt med den protestantiske reformasjonen i 1537. Med eit slag vart erkebispedømet, bispeembetet, klostervesenet og helgendyrkinga avskaffa. Relikvieskrina vart fjerna frå helgenmåla, og avlatsaspektet var ikkje lenger aktuelt. Valfartsfenomenet vart offisielt avslutta, og valfarten til dei store pilegrimsmåla i Noreg tok slutt. Det betydde også slutten på kysten som pilegrimslei. Leia langs Norskekysten heldt likevel fram med å fungere som vår viktigaste ferdselsåre i mange hundre år. Sjølv om det er 500 år sidan pilegrimane valfarta langs kysten på veg mot Nidaros eller andre lokale pilegrimsmål, finn vi likevel fortsatt klare spor etter denne aktiviteten. Fleire av stadene dei besøkte – som kyrkjer, kloster og kanskje steinkrossar – står langs leia den dag i dag som klare vitnesbyrd på historia og pilegrimsvandringane som fann stad her i mellomalderen.